Corvette Club Bergen logo
    Siste oppdateringer:   07.11.17 - Terminliste 2017 ||| 15.06.17 - Vestlandstreff 2017 |||

Klokken i California nå:

 
Klokken i Florida nå:

 

Artikler

Vårmønstring Voss 27. april 2008.

Våren er komen og tida for at alle amcar folk skal grava fram sine eksklusive doninger er der. Som eit forspell til årets vakreste eventyr, vårmønstringa 1. mai på Lagunen, så arrangerer ACC Voss eit treff på søndagen i forkant.

I fjor var været topp heile helga og mange tok turen til Voss, Corvette gjengen var samla dagen før med utstilling på Amfi og etterfulgt av det våte element på Park Hotell Voss. I år så var værutsiktene nokså fuktige og som alle veit så toler ikkje ein skikkeleg Corvette regn. Av dei som kom frå Bergen var det kun ein Corvette, og den var frå Vik i Sogn.
 
Andre i klubben (Roar) kom smygande rundt eit hjørna etter å ha parkert ein lite imponerande personbil i det skjulte. Ketil hadde valgt gult denne dagen, Chargeren vart dagens valg i håp om at Henning også skulle velge gult...
At været i tillegg viste seg på si beste side gjorde at det vart meir og meir tragisk at ikkje fleire (vannbestandige) Corvettar hadde tatt turen.
Allikevel, dagen vart fin, alle som hadde møtt fram med sine blankpussa familiemedlemmer koste seg og fortalte villig nysgjerrige om bilen sin og historien bak, og kanskje enkelte la til litt om alle arbeidstimane og slitet. Mange stolte over arbeid som var gjennomført i den mørke årstida og som dei viste fram for første gong denne sessongen, andre med skilt i ruta der det stod ”Til salgs” og atter andre som kanskje drøymde litt om å eige eit amerikansk vidunder av gammel årgang. Det var og samla ungar med stjerner i blikket, eg høyrde mang ein gong ein av nabogutane fortalde om bilen min til sine kameratar og at han budde i nærleiken av meg, her var det kommande amcar entusiastar på gang.
Nok om det, det var godt å få lufta ”Vetten” og det verka som om han hadde samla opp krefter han og i løpet av vinteren, han brumma velvilleg og eg måtte halde han litt i taumane då han lett ville overstiga dei magiske 5500 rpm, vårkåt som han var. Kjetil meinte at han hadde hatt eit forhold til stallkameraten sin i vinter, Kjetil sin knallblå Nova, og at dette hadde utvikla seg positivt for begge.

Ein solfylt helsing frå Voss 27. april 2008
Kjartan Ringheim

PS. Bergensgjengen tar kritikken og håper å stille sterkere ved neste anledning. Vi forsvarer oss samtidig med å gi meteorologene litt skyld i en filslått værmelding.

Corvette Club, Bergen
 

Corvette Club, Bergen
 

Corvette Club, Bergen
 

Corvette Club, Bergen
 

Corvette Club, Bergen
 

Corvette Club, Bergen
 

Corvette Club, Bergen
 

 
 
artikkel av: Kjartan